Eteriske oljar blandast i baseolje og brukast til massasje.
Om ein ser vekk frå dei naturleg store hendingar i livet, så er det ikkje mykje som kan måle seg med ein god massasje vil eg påstå. Det kjekkaste er at du behøver ikkje feile nokon ting for å kunne unne deg litt aromaterapi- massasje. Det er nok å tenke at “no skulle det jammen vore godt med litt massasje”. Hos meg handlar det mest om forebygging og vedlikehald. Avslappning er eit stikkord og å få litt timeout frå kvardagens kjas og mas, så du kan ta deg inn igjen og få ny giv. Velkommen skal du vere.