Begge deler kan slå ein skikkelig ut, kansje i fleire dagar, og symptoma kan gå litt i kvarandre.
Likevel er det nokre symptom som skil disse. Migrene er rekna som ein nevrologisk anfallssjukdom, hodepinen kjem altså anfallsvis. Smertene sit ofte på eine sida, men ikkje alltid. Typisk er at migrenehodepine kan ha dunkande smerter, og at den forverrar seg ved aktivitet. Berre det å gå opp ei trapp kan forverre smertene. Trøtthet, kvalme og brekningar er ikkje uvanleg.
Nokre, ca 20% ifølge nevro.legehandboka.no , har det vi kallar aura. Dette er ulike sanseopplevingar som oppstår før hodepinen set inn. Det kan vere synsforstyrrelsar som lysblink, tunellsyn. Somme kan ha føleforstyrrelsar, hørsel- eller taleforstyrrelsar.
Eg kjenner ei dame som ikkje klarte å snakke når ho fekk aura. Det gikk direkte på taleevnen hennas. Omgivelsane trudde ein gang at ho hadde fått hjerneslag og fekk ho innlagt på sjukehus. Sjølv visste ho at ho berre måtte komme seg heim og legge seg, men klarte ikkje å kommunisere det. Ein fortvilande situasjon.
Det er ulike ting som kan utløse migrene, såkalte triggerar. Disse varierer frå person til person. Det kan vere visse matvarer, alkohol, lite søvn, stress, sterkt lys, høge lydar, hormonar eller andre ting. Viktig er det iallfall å bli kjent med kva som triggar din hodepine. Då kan du lettare unngå dei.
Spenningshodepine, eller “hodepine av spenningstype” (HST) kjem ofte i forbindelse med stress. Gjerne etter ein travel periode når du skal slappe av. For mange er dette eit helgefenomen. Etter ei travel veke på jobb, når ein skal slappe av og ta seg inn att til neste veke, så set hodepinen inn. Eller om ein gjennomgår stressande situasjonar i privatlivet.
Smertene er som regel trykkande/pressande og kan kjennast som eit stramt band over panna og rundt hodet. Ein vaknar gjerne ikkje med denne hodepinen om morningen, men den kjem i aukande grad utover dagen. Typisk for spenningshodepine er at smertene ikkje blir forverra ved aktivitet. Nokre kan ha smerter i muskulatur og senefeste i skuldre , nakke og bakhode. Andre kjenner seg deprimerte og kan ha angst, er på “alerten” heile tida.
Om du har spenningshodepine, så kan du også ha migrene. Det er mange som har begge deler.
Kilde: http://nevro.legehandboka.no og Nasjonal kompetansetjeneste for hodepine ved St.Olavs Hospital.
Her er nokre gratis tips du kan få om du slit med migrene eller spenningshodepine.
[magicactionbox id=530]