Fredag og helg…. jippi !! Eller…?
No kan du slappe av og ta deg inn igjen til ny veke. Kanskje du har noko og feire også? Eller blir det hodepinehelg igjen?
Som akupunktør og massør ser eg mange klientar som har fått ødelagt helgane sine med å ha hodepine. Det er ofte når du kan slappe av etter ei travel arbeidsveke, eller ei travel skuleveke at smertene set inn skikkelig. I løpet av veka har du gjerne klart å halde den på avstand ved å vere i aktivitet, men no når du kan slappe av så kjem den for fullt, spenningshodepinen.
Eit godt råd er å stå opp tidleg også i helga, i staden for å sove lenge frampå om morningen. Bevegelse i friluft er eit anna. Ut og gå tur i ulendt terreng. Då får du bevega både armar og bein og får løyst opp i muskelspenningar.