Kundane mine spør ofte om eg trur akupunktur kan hjelpe ved migrene eller spenningshodepine. Eg kan jo ikkje påstå at det gjer det for deg, men kvifor ikkje prøve?
Sjølvsagt har eg trua på det som eg jobbar med til dagen, men det lyt nesten bli opp til deg om du har lyst å prøve eller ikkje. Det er viktig at du har vore til legen din og fått konstatert at det er er migrene eller spenningshodepine du har og at dei meir alvorlege tilstandar er utelukka.
Slik foregår ein konsultasjon hos meg reint praktisk:
Det første som skjer er at eg tar opp ein grundig journal. I tillegg til å spørre deg om sjølve hodepinen og korleis den artar seg så får du også spørsmål angåande forskjellige system i kroppen som for eksempel: fordøyelse, vannlatning, søvn, varme/kulde, humør, energinivå. Så kjenner eg på pulsen din på begge hender og eg ser på tunga di. Ut ifrå alle disse detaljane kan eg sjå eit mønster og dermed komme fram til kva eg kan foreslå for deg. Brukar du medisinar så tek eg dei med i betraktninga.
Ved migrene brukar eg som regel kun akupunktur.
Du får tynne, sterile nåler i dei akupunkturpunkta som eg har plukka ut til deg utifrå utspørringa og puls- og tunge- diagnostikk. Disse ligg du på benken med i 20 til 30 minutt og nokre av nålene beveger eg gjerne litt på innimellom.
Er du kvalm og har veldig vondt under konsultasjonen, så får du sjølvsagt ligge på behandlingsbenken under heile utspørringa også.
Ved spenningshodepine brukar eg oftast å kombinere massasje og akupunktur.
Då får du først rygg/skulder/nakkemassasje for å løyse stivhet og spenningar i muskulaturen. Deretter får du akupunktur som beskreve ovanfor etterpå. Her står nålene i ca 20 minutt.
Antal konsultasjonar varierer frå person til person, men beregn minimum 5 -6. Ved spenningshodepine vel mange deretter å ta ei behandling ein gang i månaden ei tid framover for vedlikehold.
Har du spørsmål så ta kontakt her: http://www.akupunkturogaromaterapi.no/kontakt/.
Eller bestill time her: http://www.akupunkturogaromaterapi.no/booking/