Aromaterapi betyr duft-terapi og henspeiler på dei duftande oljane. Disse eteriske oljane er utvunne frå enkelte blomstrar, fruktskal, barken av visse tresortar og medisinske plantar. Oljane har sine individuelle eigenskapar og nyttast til mykje forskjellig .
Dei er for eksempel mykje brukt i kosmetikk, mat, farmasøytiske produkt og sjølvsagt aromaterapi.
Aromaterapi- massasje.
Eg brukar oljane til massasje. I staden for å kjøpe ferdige massasjeolje- blandingar så plukkar eg ut eteriske oljar spesielt etter kva du ynskjer og har behov for. Deretter blandar eg dei i ein nøytral baseolje.
Aromaterapi –massasje består både av lette og beroligande grep men eg går også i djupna for å løyse spenningar som sit djupare i muskulaturen. I lag finn vi ut kor kraftig massasjen skal vere.
Mange vel aromaterapi kun for velværet det gir. Endå fleire vel det for å løyse opp stramme musklar og stresse ned i ein travel kvardag.
Kombinasjonen av massasje, god lukt av oljane og avslappande musikk gir ein god avslapning og gjerne ein følelse av luksus.