Eg har lyst å invitere deg med på kurset mitt som heiter “Finn di idealvekt”.
Her får du tilgang til metodane som har støtta meg i å ta av rundt 20 kg på ein enkel og motiverande måte. Eg har laga dette nettkurset etter malen eg sjølv brukte. Det er spesielt for deg som har 10 kg eller meir i overvekt og som har lyst å finne di idealvekt.
Kurset består av 8 modular med 3 og 4 leksjonar i kvar. Du får oppskrifter og du kan laste ned ei arbeidsbok. Den får du litt av i kvar modul.
Videre får du oppfølging i form av zoom-møter og du får tilgang til ei facebookgruppe der vi kan kommunisere. Planen er å “treffast” ein gang i veka, på nett, for å høyre korleis det går og støtte kvarandre. I starten snakka eg med kvar enkelt på telefon, men når vi etterkvart blir fleire i gruppa er det kjekkare å “treffast” på nett, altså for tida zoom. Når det er sagt, så bestemmer vi i gruppa kor ofte vi skal vi skal ha disse treffa.
Kurset kjem til å ligge tilgjengelig her på mi nettside slik at du kan starte når du vil, og du har tilgang så lenge du måtte ønske over ein periode på fleire år. Vanskelig å seie nøyaktig, men iallfall så lenge nettsida mi er på nett. Ikkje at eg trur du brukar fleire år på å finne idealvekta di, men fordi vi gjerne kan få lyst å repitere kurset etter ei tid. Så treng vi gjerne litt vidare støtte for å halde oss på idealvekta vår når vi først har nådd den. Eg kjem til å jobbe vidare med kurset framover. Vi får stadig nye innsikter som kan vere nyttige for oss og andre.
Prisen på kurset er kr 3800,- Men fordi ikkje alle modulane er ferdige endå så får du ein tilbudspris på kr 2500,- fram til utgangen av Mars 2024. Då kjem du godt i gang, men det er mulig du må vente litt på dei siste modulane.
Tilbudspris kr 2500,-