På tide med heimeside? No har eg dreve Akupunktur og Aromaterapi i fleire år og ser at behovet for å komme på nett melder seg. Vel og merke har eg hatt bedriftsside på facebook nokre år, men det er ikkje nok. Som sjølvstendig næringsdrivande må eg nesten ha informasjon til kundane mine på eiga netsttstad no til dags.
Med knapp kapital bestemte eg meg for å lage heimesida mi sjølv. Kor vanskelig kan det vere? Eg kjøpte kurs om emnet og gikk i gang. Dette var for halvtanna år sidan. For ei som ikkje forstår seg så mykje på IT- verdenen vart dette i meste laget. Sjønte fort at det var uendelig mykje eg måtte lære meg for å få sida opp og gå. I djup frustrasjon vart den lagt på is i over eit år, men no er eg i gang igjen og det rare er at denne gangen syns eg det er mykje kjekkare å jobbe med. Har du lyst å sjå første versjon av sida så gå inn her: http://www.akupunkturogaromaterapi.no
Her finn du informasjon om behandlingane og prisar , samt litt om meg og kor du finn meg. På bloggen vil eg, med ujevne mellomrom, skrive om forskjellige ting enten det er om behandlingane mine, om kurs eller andre interessante helserelaterte emne. Vi sjåast.