Er du av dei som syns at hausten er den beste tida på heile året? Då kan du glede deg over dei fine fargane i naturen og du trivst med at temperaturen er lågare enn på dei varmaste sommardagane. Ja i år har vi ikkje vore “plaga” med mykje sommarvarme her på Vestlandet akkurat, så då har du kanskje hatt det bra heile sommaren? Du veit å nyte den klare, kjølige lufta når du går turar, gjerne på dei høgste fjelltoppar. Eller du kan, uten dårleg samvit, nyte dei mørke haustkveldane innandørs med fyr i ovnen.
Du går laus på haustens oppgåver med masse glede og energi, enten det handlar om hagearbeid, jakt og anna innhausting, eller planlegging av 4. kvartal på jobben.
Eg har det litt annleis. Javisst, eg gledar meg over fine haustdagar og fine fargar i naturen, men samtidig er det litt trist syns eg. I det lengste prøver eg å halde fast på sommaren.
Er du som meg at du blir litt melankolsk om hausten og syns det er leit når sommaren er over rett og slett?
Eg får litt ekstra behov for trøst om hausten. Syns litt synd på meg sjølv og likar at nokon puslar om meg. Då er ein god massasje eit must. Det skal eg unne meg i dag.
Du kan bestille aromaterapi- massasje hos meg om du vil. Eg likar å vere inne og massere og pusle om deg mens regnet og hauststormane herjar ute.
http://www.akupunkturogaromaterapi.no/aromaterapi